Post ved Koltjønna i Førde. Foto: Helge Schei.

Post ved Koltjønna i Førde. Foto: Helge Schei.

Vinnartid på under 6 min pr km

Midtsommars og stråland vær er meldt. I Førde arrangerer vi onsdag nærløp i kanskje det finaste terrenget vi kan tilby.


Eg trur kanskje på ei vinnartid på under 6 min pr km, om særs godt trente løparar er med. Der er nesten ikkje undervegetasjon, og onsdag blir det nesten turre myrar.

Løyper for alle, uansett alder, kjønn og erfaringsnivå. I Førde legg vi også inn Lagsmeisterskap i løpet. Løyper på 5,6 km og 2,5 på A-nivå, 2,2 på C og 1,4 på N- nivå. Fri start, og påmelding ved frammøte.

Kartet vart laga til NM ultra 2006, og er noko revidert etter det, seinast i går. M. 1:10 000, ekv 5 m.

Frammøte ved Førde Vassverk i Sundsdalen. Merka frå E39 ved Sundekrysset (ca 5 km nordaust for sentrum), derifrå er det 2 km til samlingsplass.

blog comments powered by Disqus


Mulig relevante artikler