Romjulsløp i orientering
Ekstra hyggjeleg er det at mange vil delta fordi dei på juleferie og nyttar høvet til å treffe gamle kjente.
Nokre kjem kanskje berre for å føle stemninga - det gode miljøet - tar ein kopp kaffi eller gløgg, og pratar med gamle (og nye) vener.
Vi håpar og trur julenissen frå Angedalen kjem. … Og det ryktast at fleire kjem langvegs frå - som vanleg.
Dato
2. Juledag dvs. 26. Desember 2012.
Tid
Første start ca. kl 12.00. (fri start).
Frammøtestad
Rasteplassen ved Bulingstjønna ca 1 km frå Moskog-krysset (merka derifrå) mot Holsen. Påmelding ved frammøte.
Løyper
To A- løyper: 3,7 km og 2,3 km. Ei C løype på 1,4 km. Kart: Ulvedal. Målestokk 1:7 500, ekv 5. M. Utgitt 2004. Revidert des. 2012.
Det blir fint og kanskje men kanskje eit lett snødryss denne dagen. Gode frosne myrar å springe på - «Yr» melder om rundt 4-5 grader.
…og løpsleiinga ber om at ein tar med seg 20 kroner for å dekkje avgifta til NOF og kanskje litt til O-gruppa i Førde. Og for denne prisen kan ein springe, få varm drikke etterpå, ete litt, og kose seg ved bålet saman med o-vener....
Vel møtt
Løpsleiar og løypeleggjar Helge Schei
Mulig relevante artikler