Favoritter til Ultra-gull

I en pressemelding fra kommende helgs arrangører av NM Ultralang i Førde utpekes Ingunn Hultgreen Weltzien til stor favoritt i damenes juniorklasse, mens Ålesunderen Olav Lundanes må tåle et lite favorittstempel ved sitt navn.


 
Pressemelding fra NM Ultralang 2006
Dei tøffaste idrettsutøvarane i Norge møtest i Førde laurdag. Då skipar Førde IL til årets norske meisterskap i Ultra langdistanseorientering med vinnartid for herrane på 2, 30 og for damene på 2 timar. Løypelengdene er på 23,3 (herrar) og 15,6 km (damer).

Over 200 deltakarar stiller opp. Det er ny rekord. Hovudårsak til rekorden er at i år deltar også juniorane for første gong i denne kraftprøva. Påmeldinga her er imponerande. Over 100 av dei totalt startande er juniorar. Løypene for dei er 17 km for gutane, jentene har 11 km.

Dei beste langdistanseløparane stiller opp. Og kvar av vinnarane i seniorklassane dreg av garde med 10 000 kroner i pengepremie.

I kvinneklassa er Marianne Andersen frå Nydalen klar favoritt. Ho har nettopp komme heim med to sølvmedaljar frå EM. Ho blir sterkt utfordra av det lokale håpet Gøril Fristad frå Askvoll.

Alle medaljevinnarane frå i fjor er med i herreklassa. Dei tre Jarkko Houvila frå Halden, Jon Tvedt IL Gular og Ivar Haugen Kristiansand OK (opphaveleg frå Bergen) er nok å rekne med i tetkampen også i år. Men denne gongen stiller Hans Gunnar Omdal frå Øvrebø og Vindbjart og tidlegare verdsmeister Bjørnar Valstad frå Bækkelaget. Desse vil nok gje dei tre førstnemnde hard kamp om sigeren.

Den mest profilerte idrettsutøvaren i startfeltet er Kristen Skjeldal frå Voss IL, mest kjend som skiløpar.

Av juniorane er nok Ingunn Hultgreen Weltzien stor favoritt i dameklassa. Av herrane må vel ålesundaren, fjorårets juniorverdsmeister Olav Lundanes finne seg i eit lite favorittstempel. Han representerer Østmarka OK.
 

Smakebit fra terrenget. Foto: Førde IL.
 
Lenker
NM Ultra - 27. mai.
Årets først - OPN-omtale 14. mai.
Eksotisk NM - OPN-omtale 2. mars med terrengbilder og kartprøve.



Mulig relevante artikler