15 nasjoner til Nordvestgaloppen
Fra arrangørene av Nordvestgaloppen har OPN mottatt en pressemelding som nedenfor gjengis i sin helhet: ****** Rekordstor internasjonal deltaking under Nordvestgaloppen som startar i Stryn neste veke 4 dagars orienteringsløpet "Nordvestgaloppen" blir arrangert i skogane rundt Stryn frå 26. til 30. juli. Då påmeldingsfristen gjekk ut var det ca 700 påmelde. Det er derfor venta omlag 800 deltakarar når dei etterpåmelde kjem inn. Dette er ein klar auke frå dei siste åra og stadfestar at Stryn er den mest populære staden på nordvestlandet for orienteringsløparane. I år er det rekordstor deltaking frå utlandet, og spesielt frå Sveits som stiller med over 120 løparar. Totalt er 15 nasjonar representert. Eliteklassane for damer og herrar er svært gode. I klassen H21AL stiller Olav Lundanes (tidlegare Emblemløpar - no Østmarka OK) som vann langdistansen under verdsmeisterskapen for junior i Sveits 2005 og sølv og bronsemedaljar frå Junior VM i 2006. Lundanes er nesten på heimebane og er ein av favorittane til siger i klassen. Han vil få hard konkurranse frå mellom anna Ivar Haugen som kjem med ein 4. plass frå NM Ultralang i Førde tidlegare i år, Oskar Svärd som vann Vasaloppet i fjor og Jan Benes, Tsjekkia, som nettopp vart juniorverdsmeister på mellomdistanse i Litauen i sommar. I eliteklassen for kvinner, D21 AL skal Gøril Fristad (tidlegare Askvoll - no Ulricehamn OK) kjempe mot mange gode løparar frå inn og utland. Her stiller mellom anna Monika Delezalova som var nr. 34 i junior-VM tidlegare i sommar og Helen Martinsen frå Gular med 6. plass frå NM Ultralang i 2005. ******* Lenker Nordvestgaloppen - frist for etteranmelding er 21. juli. Kilde: Pressemelding Nordvestgaloppen. |
Mulig relevante artikler